onsdag 31. oktober 2012

Halloween

Då var endeleg dagen her.

I heimlandet blir ikkje folk enige om dei skal feira Halloween eller ikkje.
No skulle me få ein dose the American way.
Og i følge texanarane sjølv er det ingen i USA som feirar dette kulturfenomenet så til dei grader som her.
 
Husa i nabolaget har vore pynta og klare i en månad.
 
Nokon legg seg på den søte linja, med digre kattar eller greskar.
 
 
 
Mens andre går for skjelett, spøkelse og blodige vesen.
 




Størstejenta har hatt nedteljing i to veker og kostymet har lenge lege klart ved senga hennar.

Etter skule og barnehage gjekk turen til nye venner i nabolaget, som tromma sammen til skikkeleg feiring.


Utkledning er ein sjølvfølgje, både for liten og stor.
 
 
 
Grilling, mykje koselege folk og sjølvsagt trick or treat for dei minste.
Resultatet var digre dungar med godteri.




 

tirsdag 30. oktober 2012

Midt i mellom

Naturleg nok har den fjerde største byen i USA mykje å by på.
I helga testa me litt av mangfoldet.
 
Frå forstaden Katy, der me bur, tek det ein halvtime i bil så er me midt ute på bondelandet.
 
Laurdag kledde eg og jentene godt på oss, trossa den kraftige vinden og besøkte den kjente opplevelsesgården Dewberry Farm.

Der dei små sprang seg ville i den kjempehøge maisåkeren.

Plukka fargerike bukettar i blomsterenga.


Hoppa i høyet, mata geiter, klappa kyllingar og mykje meir.

Søndag satte me kursen andre vegen, inn mot by`n.
Etter ein halvtimes køyring var me framme i parken Discovery Green, Downtown Houston.

Ein park med leikeområde, fontener, ein dam der ungane kan padle kano, gode kafear, utendørs konsertar, gruppetreningar og utstillingar.
No om dagen kan besøkande oppleva ein stilig fotoutstilling på digre ballar som heng i trea.



 


 
Denne parken kjem me garantert til å besøke fleire gonger.

fredag 26. oktober 2012

Stor, større, størst

Myten om at alt er stort i Amerika, kan herved bekreftast.
Eg hadde høyrt rykte om at ein tur i matbutkken kunne ta fleire timar, men trudde det vart sterkt overdrive. Det var før eg satte mine føter innanfor lokalbutikken vår...

Inngangspartiet bugner av greskar, i alle mulige størrelsar. Til småjentenes store glede.



Ingen tvil om at Halloween nærmar seg.

 
Vilde og Anine var heller ikkje seine å be, då dei fekk sjå handlevognene. Som også innbyr til storhandel.



Vanskeleg å manøvrere. Men jentene sit i alle fall i ro.

Skal me sjå. Øverst på lista står ost. Etter å ha komme meg forbi mange og lange reolar med vanlige grønsaker, organiske grønsaker, oppkappa grønsaker, fersk fisk, fryst fisk og frityrsteikt fisk, fann eg endelig osten. Men så kjem dilemmaet, ost er ikkje berre ost.



Ein liten flik av ostedisken......

Frustrasjonen hos småjentene begynnar å nærme seg nivået av forvirring i hovudet mitt. Her er det berre å ta grep. Nytt land betyr nye matvaner og nye smakar. Med eit smil om munnen forlèt eg ostedisken og butikken med halvparten av tinga eg eigentleg skulle kjøpe. Og blir heimlengselen for stor, stikk eg berre på lokalbutikken min igjen og kjøper med meg denne:


Ha ei fine helg <3
 
 

søndag 21. oktober 2012

Første dagar i nytt land

Varmt, nytt, spennande og ei bøtte med ulike følelsar.
Det oppsummerar mykje av våre første dagar etter flytting frå Spikkestad til Houston, Texas.



Frå dette, til dette.....
Nokon meinar me er sprø som flyttar heile familien over Atlanteren, der alt er nytt og ukjent.
Andre meinar det er ein sjanse som ikkje er mulig å takka nei til, og syns me er heldige.

Eg er litt enig i begge måtar å sjå det på. Ja, dette er litt sprøtt, og me er sprøtt-heldige som får oppleve det.

Då Vilde hadde sin første dag på amerikansk skule, var det ei mor med tynnslitte nerver som venta på ho ved utgangen etter endt dag. Ei seks år gammal jente, sju timar i ein klasse, på ein skule der verken læraren eller elevane skjønnar ho eller ho skjønnar dei. Men ut døra kom seksåringen med eit digert smil om munnen, hoppande sammen med to jenter ho hadde blitt venner med. Puh! Første barrière overstått.



Når eg no har permisjon frå jobben, og har muligheten for det, var planen å ha minstejenta heime ein periode. Men to dagar etter me flytta inn i huset vårt, fann treåringen ein leikekamerat på leikeplassen. Den jevnaldrande jenta, frå Bergen, og Anine fann tonen med ein gong.
Me fekk høyre om Anines leikekamerat seint og tidlig, og då ho fekk komme på besøk i venninnas barnehage, var det ingen tvil. Anine ville begynne i barnehagen ho òg.

Takket være hennar nye venninne, og supre ansatte, gjekk oppstarten i barnehagen fint. Nokon tårer i starten, men ho er eit stort smil når eg hentar ho. Og engelske ord er allerede begynt å poppe fram.