Viser innlegg med etiketten The American way. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten The American way. Vis alle innlegg

mandag 24. juni 2013

Road trip: Del 2


Det fine med å reisa med bubil, 
er at me kan slå oss ned akkurat der det måtte passe.
Lake Powell var ikkje ein av plassane me hadde planlagt å stoppe, 
men her var det så nydeleg at me måtte bli i to netter.


Båttur på Lake Powell var ein kjærkommen avveksling 
frå dei mange kilometrane me hadde tilbakelagt i bubilen. 
Dette er det nest største menneskeskapte vatnmagasinet i USA,
 og hovudvatnkjelda til Las Vegas. 


Med vind i håret, faktainformasjon på øyra, utsikt over vakre fjell, nydeleg innsjø og blå himmel, var det lett å kobla heilt av og berre nyte. 


Her bada og kosa me oss både i innsjøen og bassenget, samt nytte eit vinglas til solnedgangen. 


Vidare gjekk turen på endelause, tøffe strekker til Monument Valley, 
som er velkjent frå mange kjende filmar. 


Ein føler at tida har stått stille når ein står og kikkar utover eit slikt landskap. 


Deretter gjekk turen vidare gjennom ørkenlandskapet
til den imponerande 18 meter høge Mexican Hat. 
Fascinerande balansekunst på denne sombreroliknande steinen.

Eit obligatorisk stopp var også Four Corners Monument, 
som er einaste staden i USA der fire statar møtes 
- Arizona, Utah, New Mexico og Colorado.


Noko av det småjentene sette mest pris på, var å oppleva nasjonalparken
 og verdsarvstaden Mesa Verde i Colorado. 
Her fekk me gå inni i ruiner av hus og landsbyar
som puebloindianarane bygde under utspring i fjellet på 1200-talet. 




Siste nasjonalparken på turen var "A red rock Wonderland" Archers, med over 2000 naturlige klippebuer og balanserande steinar skapt av vær og vind. 


Vanskeleg å leggja ned kamera i slike omgivelsar.  




Her fekk jentene springa, leika og ikkje minst klatra.
Enkelte amerikanarar såg skeptisk på fjellgeitene me har av nokon småjenter, då dei spann oppetter dei brattaste klippene. 





Sjølv om me kosa oss i bubilen, var det godt å returnera til sivilisasjonen
 etter nesten to veker i ørkenen.

På veg tilbake til Salt Lake stoppa me i den tøffe vintersportstaden 
Park City, 2000 moh.
Her rusla me i koselege gater og fekk i oss herlig middag grilla på hot stone.



Då sola var på veg ned fekk me herja og leika oss i campingplassens basseng, 
som me hadde heilt for oss sjølv. 


Høgdepunktet for jentene her var å ta stolheisen opp på fjellet og susa ned igjen i ei bobbane. 


Turen vart avslutta der me starta, i Salt Lake City, der me beundra det største av totalt 140 tempel som er eigd av The Church of Jesus Christ of Latter-day Saints.
Eit imponerande bygvgerk som tok 40 år å byggja. 


Sprekkfulle av inntrykk, etter å  ha tilbakelagt 3000 km, 
sette me kursen tilbake til Texas. 

Og no gledar me oss til at broderen, Gro og alle fire gutane landar i Houston om nokon timar. 



onsdag 5. juni 2013

Eit skuleår er over

Åtte månadar har gått sidan me pakka sakene våre på Spikkestad
 og sette kursen over Atlanteren, til eit annleis liv i Texas. 
I åtte månader har jentene gått på amerikansk skule og barnehage.

Språket sit no som ein påle hos Vilde, 
som ofte sender oss oppgitte blikk over vår norsk-engelske uttale. 


Noko av det jentene set stor pris på, er vår velte morgonsykkeltur til skulen. 
På fine gangvegar, mellom flotte busker og trær, mens varmen og den høge luftfuktigheita slår i mot oss.
Når dama, som passar på at me kjem oss trygt over vegen, i tillegg helsar småjentene god morgon med eit "Hi there sweetheart, have a wonderful day!", kan ikkje morgonen få ein bedre start.


Inni mellom må me også legge inn ein liten stopp,
når nokon av dei små, søte harepusane i nabolaget sprett fram frå ein busk for å helsa på.  


Med Anine går det no i ein salig blanding av engelsk og norsk.
Eit eksempel på hennar setningar om dagen er:
"Awwww, for ein cute liten doggy".
Ho stortrives i barnehagen, men kjem til å savna bestisen Milla,
som no flyttar heim til Bergen.
Men ho kjem visst til å savne nokon andre også.... 
I dag tidleg, på veg inn døra til barnehagen, kviskra ho til meg:
 "Mamma, I love Bronson i klassen min..."


Overgangen frå Kindergarten til 1st Grade blir feira stort her borte.
Med kapper og firkanta hattar blir dei uteksaminert på Graduation Day, med alle foreldra tilstades.
Læraren til Vilde, Ms. Tharnish, har vore fantastisk. 
Ho klarte ikkje å stoppa og grine då ho fekk klemmar og tok farvel med elevane sine.
På skulen her stokkar dei korta for kvart skuleår, 
så etter ferien blir det spennande med både ny klasse og lærar. 





Når jentene i dag har siste dag på skulen og i barnehagen,
ventar nesten tre månadar med sommar og sol, 
før skuleklokkene igjen ringer inn 26. august. 


Ha ein strålande sommar!

søndag 26. mai 2013

17. mai

Grunnlovsdagen må feirast på skikkeleg vis, sjølv om me befinn oss langt vekke frå heimlandet.

Då 17. mai i år fall på ein fredag, då jobb- og skuleforpliktelsar kalla, 
vart den store feiringa forskyvd til den 18. 


Men me er so heldig å blitt kjent med koselege folk her borte, som tromma saman til ei feiring i hagen på ettermiddagen den 17. med potluck, pølsegrilling og ikkje minst bading i bassenget. 

Me set veldig pris på slike samlingar, då savnet etter alt og alle der heime blir ekstra stort på slike dagar. 

Takk, Monica!



Den 18. vakna me til knallblå himmel og ein temperatur som sto og dunka tett opp i mot 30 grader.
 Det frista å la dei svarte ullbunadane henga igjen heime.

Men det er ikkje kvar dag ein feirar 17. mai i utlandet, 
så då lirka me oss inn i finstasen. Og passa på å ta med sommarkjolane, 
i tilfelle hetetoktene vart for ille. 

Når me først ikkje feira stort den 17. var det jo ikkje heilt feil å feira den 18.
Sjølv om grunnloven er datert den 17. mai 1814, vart den først signert og besegla den 18. 



Litt over 1000, av dei nærmare 10.000 nordmennene som bur i Houston-området, hadde teke turen til sjømannskirka for å feire. 
Her var det både utendørs gudstjeneste, korps, pølser, kaker, is og brus.
 Og sjølvsagt 17. mai-tog, som aldri har vore lengre, fylt med glade ungar. 


Etter toget vart varmen for trykkande og bunaden måtte vika til fordel for lette sommarkjolar.
Då vart det også enklare å springa rundt på potetløp, i hoppeslott og sandkasse, samt leie rundt på godaste barnevakt-Stine.


onsdag 6. mars 2013

Rodeo

Kva er det første du tenkjer, om eg seier Texas?
Cowboyar og boots?


Til dagleg er det langt mellom cowboyhattane og spisse boots å sjå i USAs fjerde største by. 
Men når det er duka for årets store happening her borte, blir byen omgjort til eit cowboyeldorado.

Houston Livestock Show & Rodeo er verdens største i sitt slag, varer i 20 dagar, har 27.000 frivillige i sving og trekk rundt to millionar tilskuarar.
Dermed måtte me fram med korrekt fottøy, før me også var klar. 




Iiiiihhhaaa!


Helga før den ordentlige rodeoen startar i Houston, 
blir det arrangert ein mindre versjon i Katy, der me bur. 
Her kjem publikum tettare på både hestar og oksar, og det var ein fin forsmak til det store sirkuset i byn. 


Anine passa på at me ikkje bråka for mykje, så dei feite grisane fekk sova i fred. 
Men då småjentene oppdaga at dei digre dyra ikkje berre åt og sov, men også gjorde i frå seg - rett ved små, rosa cowboyboots, fekk pipa ein litt anna lyd.  


Her vart me introdusert for heile spekteret: hestar, flagg, cowboyar, nasjonalsong og barbeque. 


Jentene fekk også prøva seg i ringen, då alle ungar med pinnehest fekk lov å delta på eit kappløp. 



Minstejenta var ikkje sikker på om ho var mest begeistra for tivoliet, klovnen som showa, pinnehest-premien sin, eller å møta den O store heltinna: barnevakten Stine. 


Etter å ha testa Katy-rodeoen var me klar for å oppleva den skikkelige rodeoen, som har vore ein årleg begivenheit i 80 år.  



Her vart det ansiktsmaling, fleire dyremøter, studering av små og store boots både på golv og i tak. 


Før me benka oss ned i imponerande store Reliant Stadium, med sukkerspinn og popkorn (ja, me er jo i Amerika...) for å sjå på viltre hestar og okser. Jentene gjorde store auger og hoja med, når  dei tøffe karane vart kasta av. 

Når cowboyane tek kvelden, blir manesjen raskt rigga om til ei scene. 
Dermed fekk jentene også sin første konsertsmakebit. 
Og etter dansinga og stjernene i augene å dømma, var ikkje dette den siste. 

mandag 4. februar 2013

Glefsande vesen i trolsk skog


Texas er vilt. Og kva er vel villare enn frittgåande alligatorar?

Ein liten times køyring frå oss ligg Brazos Bend State Park. 
Eit naturreservat på 20 kvadratkilometer med 300 fugleartar, skilpadder og rundt 350 vaksne alligatorar som lev fritt i naturlege omgivelsar. 

Sjølv om gradestokken hoppar opp i rundt 20 grader no om dagen, er det litt i kaldaste laget for å sjå dei breikjefta reptila. 

Men småjentene hadde høge forventningar. 
Anine sprang rundt seg sjølv og trudde kvar minste vetle pinne var eit glefsande vesen. 
Gleda var derfor stor då me fekk både sjå og ta på ein babyalligator. 


 Når me vanlegvis er omgitt av parkar og blomsterbedd, der gras og planter er klipt med millimeterpresisjon og ingenting er overlete til tilfeldigheitene, var det rein rekreasjon å komma til Brazos Bend med sine grøne sumpar, trolske, mosegrodde trær og mangfaldig dyreliv.



Alligatorar et, som kjent, nesten alt dei kjem over. 
Sjølv om favorittmaten er fisk, skilpadder, fugler, små pattedyr og amfibier, var vennene våre litt redd for å gi deira firbeinte venn for mykje slakk i bandet. Hjerta dunka litt ekstra då våre småjenter la på sprang, med ein logrande firbeint kamerat som nærma seg faretruande sumpen. 



Men alligatorane holdt seg på god avstand, både frå to- og firbeinte. 
Ikkje ein gong fiskane var interessert i oss eller dei feite, grøne meitemarkane på fiskestengene.  



Fullspekka med nye inntrykk avslutta me utflukta med ein god lunsj og rusletur blant palmer og fontener i fine Sugarland.



Ha ei strålande veka!

torsdag 17. januar 2013

Berre sånn i tilfelle

Eg visste at amerikanarane er redde for søksmål. Nyleg fekk eg føla den redselen på kroppen. 

Eit lite legebesøk førte til at eg fekk time hos spesialist dagen etter. Og spesialisten sendte meg rett vidare til sjukehus, berre sånn i tilfelle. 

For ein nordmann, som er vant til at det tar månadar å komme til spesialist, og enno fleire månader, eventuelt år, før ein blir utreda på sjukehus, vart eg litt satt ut av at det gjekk så fort i svingane. 
"Ingen grunn til bekymring, me vil berre sjekka ut for sikkerheits skuld", var orda eg vart servert heile tida. 

Sjukehus og legar er noko som står øverst på hat-lista mi. 
Men eg manna meg opp og møtte fram på det fancy, private sjukehuset like ved. 
Eg er begynt å skjønna at papirmølla her borte er diger uansett om det er snakk om helsevesenet, skule, barnehage eller noko so enkelt som eit frisørbesøk. Men papirbunken har aldri vore så stor som ved sjukehusbesøket. 



Etter 10 minuttar med utfylling av diverse viktige, og mindre viktige opplysingar, måtte eg svare på om eg hadde Living Will. Var eg skeptisk frå før, er det ingenting i mot det eg vart då eg såg det spørsmålet. "Du skal ha narkose, og då er me forplikta til å spørja deg" var beskjeden eg fekk, då heile meg såg ut som eit spørsmålsteikn.


Då alle papira var fylt ut og signert, såg eg truleg endå meir spørjande ut. 
"Værsågod, her er graviditetstesten". Hæææ, æææhhh, eg trur du har misforstått litt. Det er halsen eg er her for.....



"I følgje lovverket er me pålagt å ta graviditetstest av alle kvinner som skal ha bedøvelse. Berre slik i tilfelle. Du hadde måtta om du var 50 år også." 


Dama fekk testen sin, og eg dermed bedøvelse. 
Før eg visste ordet av det, var eg ferdig og klar for å reise heim. 
Eg svinga føtene ut av sjukesenga, og var klar for å gå. Men nei da. 
Her skal ingen gå ut frå eit sjukehus, men derimot trillast. 
Ein kan jo detta og slå seg, noko som då er sjukehusets ansvar. 



Dermed vart eg trilla ut døra og heilt fram til bilen, 
berre sånn i tilfelle. 


søndag 30. desember 2012

Texasjul

Endeleg var ventetida over.
Vårt første besøk gjekk inn for landing og me var klar for jul utan snø og kulde.
 
 
Sjølv om juletreet har fått stå i stova sidan begynnelsen av desember, 
holdt me på vår faste tradisjon og spreidde pynten først vetle julafta.
Men der stoppa også alt som heiter faste tradisjonar den dagen.
 
Når gradestokken viste +24C og besteforeldra hadde tatt den lange vegen frå Sogndal, måtte me ut å nyta veret og byen.  
Turen gjekk til Houston Zoo, med sine vel 6000 dyr. 

 
Småjentene sette mest pris på spretne apekattar, digre elefantar og dovne bjørnar.
 

Mens dei langvegsfarande besteforeldra stoppa ekstra lenge ved flotte løver og grasiøse sjiraffar. 

 
Men dyra trengde ikkje å ha puls for å vinna oppmerksomheita til aktive småjenter, som besteforeldra måtte jobba for å holda tritt med.

 
Dyrepark var stas, men lite kan måla seg med julafta for forventningsfulle jenter.

 
Når me først bur i Amerika, måtte me innføra ein ny tradisjon: julestrømper.
Men her i huset vart både dei og pakkane opna 24. og ikkje 25. som hjå alle naboane.

 
Etter julestrømper og lang, god frukost gjekk turen til gode venner, der me var 22 samla til julegraut og spekemat. Og jammen kom nissen også, som delte ut både klemmar og pakkar til dei minste, samt nokon av dei største.
 
Men så var det duka for kveldens største høgdepunkt for meg: pinnakjøt, som smaka akkurat lika godt som heima. Før jentene fekk lov å begynne på det dei hadde gleda seg aller mest til.
 
 
Augene strålte og gledesutbrota var mange etterkvart som dei jobba seg gjennom gåvehaugen. 
Høgast gaula Vilde då ho fekk ei ekte Amarican Girl, som har stått øverst på både hennar og mange andre seksåringars ønskjelister.
 
Mens jentene sovna med smil om munnen og kvar si dokke i armkroken, avslutta me andre kvelden utandørs med bare bein, stearinlys og noko godt i glaset.
 
Godt nytt år til alle mine føljarar!