Viser innlegg med etiketten Besøk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Besøk. Vis alle innlegg

torsdag 7. november 2013

Besøksbonanza


Haust. 
Kald, klar luft. 
Nydelige fargar - i Norge.
For oss betyr det at Texaseventyret nærmar seg slutten. 
Det er noko kjente og kjære også har funne ut, og sette kursen over Atlanteren. 

Dermed såg haustkalendaren vår slik ut, tilslutt :-)


Første pulje ut var Erlings søstre, Irene og Elisabet. 
Til vår store overraskelse hadde dei også klart å lokke med seg mori, som knapt har vore utanlands før. 
Imponerande å ta den lange turen over hit!

Me tok dei først med til hovedstaden, koselege Austin.




Mens i Houston fekk dei seg ein rundtur downtown, blant skyskraparane.



Ein tur opp i den høgaste bygningen i Texas, som også er den 13. høgaste i USA. 




Resten av veka vart fylt med mykje leik, god mat og ikkje minst shopping. 
Elisabet har rekorden, av alle besøkande, med sine 28 par med sko!
Håpar du har fått plass til alle i garderoben, Magnar ;-)



 Takk for koselege dagar Elisabet, Irene og Ella!

--------------------------------------------------------------------

Etter to veker med tomme gjesterom, 
gjekk barndomsvenninna, Marion, og hennar familie inn for landing. 


Vilde og Anine var hoppande glad for å få tosmåjenter å leika med. 


Som så mange andre besøkande, tok eg dei med til naturreservatet Brazos Bend. 
Etter å ha klappa ein babyalligator, 
var me spent på om me kom til å møta nokon av dei 350 fullvaksne, frittgåande reptila der ute. 


Då me endeleg fekk auge på ein, var den veldig nær. 
Skremmande nær, meinte Marion, som rygga forsiktig vekk same vegen me kom. 
Med dunkande hjerta, sa ho seg fint fornøgd med opphaldet i alligatorparken ;-)


Då var det langt tryggare å kose seg med kaffe, is og turning i ettermiddagssola på La Cantera. 


 Når me er so langt vekke frå familie og venner, 
passa det veldig godt å ha besøk når jentene fylte år. 
Anine syns det var stor stas at både Vilde, Kaja og Ida kom stormande inn på rommet med pakkar og song om morgonen. Og sjølvsagt vart det også song og kake seinare på dagen, for å feire fireåringen. 



Når det først foregår IndyCar-løp i byen me bur i, måtte me stikke downtown for å kikke. 
Mykje tøft å sjå, både for små og store. 
Og ikkje minst få ein liten smakebit av bilane, som har ein toppfart på rundt 350 km/t.



Marion & Co hadde også lyst å få med seg litt meir enn Katy og Houston, når dei først var i Texas. 
Dermed sette me kursen mot stemningsfulle San Antonio, på 7-årsdagen til Vilde.

 Det vart ein opplevelsesrik bursdag for størstejenta, med elvebåttur mellom høge, flotte bygg, 
brudepar og turistar. Symjing i bassenget på hotellets takterrasse.


Og ikkje minst koseleg feiring ute på restaurant om kvelden. 


Når me er i San Antonio med ungar er det obligatorisk med ein tur i SeaWorld. 
Her me fekk nyta synet av delfinar, haiar og rokker.....



 .... spennande show med delfiner, hvithval.....

 .... og enorme spekkhoggarar, som sørga for å gi tilskodarane ein skikkeleg kalddusj,....

..... samt testa karusellar av ymse slag.

Eg går aldri lei San Antonio, med sin avslappa, koselege atmosfære.

Tilbake i Houston vart det mykje kos heime. 
Og for læraren Marion vart truleg høgdepunktet å få eit innblikk i den amerikanske skulekvardagen.
Heile ho stråla som ei sol då ho gjekk ut frå skulebygget,
 etter å ha hatt lesestund med Vilde sin klasse. 


Mens nokon måtte på skule og jobb, 
kunne me andre nyte finveret mellom høge bygg og i fine parkar.   



Samt kose oss blant apekattar, elefantar, papaegøyer i Houston Zoo. 



 Takk for besøket Ida, Kaja, Marion og Terje! 
Håpar de kosa dikka lika mykje som me. 
Sjåast til jul <3 




søndag 21. juli 2013

Sol, sommar og sognabesøk

Med ferie og fri frå skule og barnehage, var det veldig kjekt å få besøk igjen. 
Broren min, Gro og alle fire gutane fekk ein litt meir strabasiøs tur over Atlanteren enn dei hadde planlagt. 
Då dei landa i Houston, åtte timar etter skjemaet, hadde dei motet i behald, men ikkje bagasjen. 
Reiseforsikring er fint å ha når uhellet er ute, dermed bar det rett ut på shopping. 


Etter nokre svært effektive rundar på kjøpesentera i nærleiken, 
var dei besøkande klar for å nyta Texasvarmen. 
Og det var ikkje småjentene imot å visa dei fasilitetane ved nabolagets lokale symjebasseng. 


Det er ni månader sidan me har sett sogningane, men det gjekk ikkje lenge før leiken var i full gang. 
Anine og Mats har visst teselskap,
sjølv om det kan sjå ut som om dei små serverar noko anna enn Earl Grey...


På tross av at gradestokken viste 40C, tok me turen til naturreservatet Brazos Bend State Park.
Dei 350 frittgåande alligatorane er ikkje så glad i ekstremvarme og gøymer seg då på djupt vatn eller mellom busker. Ungane var derfor veldig glad for å kunna helsa på både babyalligator og ein slange i  natursenteret. 


I trykkande varme, høg luftfuktigheit og sveitten silande på ryggen,
la me ut på rusletur. 
Sjølv om berre ein alligator viste seg fram,
var gjengen storfornøgd med opplevingane naturreservatet bydde på.


Ei anna oppleving som, bokstaveleg talt, falt i smak, 
var besøket på Fogo de Chao - Brazilian Steak House.
Gro likte maten her så godt, at ho jobba intenst for å prøva og dra oss med hit fleire gonger. 


Ferie kan ikkje berre vera sol, bading og god mat. 
Karane og dei største ungane fekk opp adrenalinet med nokre rundar på gokartbana i Houston. 


Øverst på ønskelista til broderen & Co var å få ein dose strandliv.
Vatnet i Mexicogulfen utanfor Houston er ikkje av det klaraste.
Me sette oss derfor i bilen og tok turen gjennom to statar til Mississippi,
som byr på kvite strender og klarare vatn. Her leigde me oss ein  fin leilegheit med havutsikt. 



Fornøgd gjeng på strandrusletur i solnedgangen.




Her var det lett å nyta livet, med sol, salt sjø, leik i sanden, og vannleiketøy for både små og store. 


På vegen tilbake frå Mississippi, tok me ein lunsjstopp i New Orleans
 med sin fine atmosfære og rike kulturliv. 



Då me var vel tilbake i Texas sto det 4. juli på kalenderen.
Amerkikanarane er gode på feiringar, så me sette kursen downtown for å få med oss nasjonaldagsfeiringa. 



Mellom skyskraparane fekk ungane leika, testa okseridning og oppleva trylleshow.
Mens me vaksne kosa oss blant anna med konsertar, der Sheryl Crow var ein av dei som gjekk på scena. 



Dagen vart avslutta med eit heidundrande fyrverkeri, som vart skutt opp i takt med musikken som ljoma. 
Gåsehudoppleving deluxe!



Første laurdag i månaden blir det arrangert Coffee & Cars i Vintage Park i Houston. 

Har du ein rå bil, kjem du hit for å vise den fram. Mens skuelystne bilentusiastar siklar rundt. 
Eg hadde aldri trudd me skulle få kikka på so mykje heftig, og at det var so mange andre likesinna som tok turen. Det blir garantert fleire laurdagsmorgonar på oss i Vintage Park. 



Dei kunne ikkje være på Texasbesøk utan å komma i nærkontakt med cowboyhattar og boots. 
Me stakk derfor innom Cavender`s, som er ein av dei største butikkane for westernutstyr i heile USA. 
Her er lett å bli overvelda av dei mange hyllemetrane med alt ein cowboy treng. 
Dag vart liten ved dei enorme hyllene berre med barneboots. 



Dei langvegsfarande fekk reist litt rundt og opplevd ulike sider ved Texas. 
I løpet av nesten tre veker vart det også god tid til avslapning, leik og kos. 
Tusen takk for supre dagar Mats, Johan, Erik, Dag, Gro og Nils Bjarne!



søndag 28. april 2013

Vennebesøk og TV-debut

Fire dagar etter at påskebesøket hadde reist, gjekk Annette og gutane inn for landing.


Etter totalt 21 timars reise hadde ikkje smågutane plan om å hoppe rett til køys, dei måtte jo sjekke ut Texaskåken før dei slokna.


Etter nokon rolige dagar heime, der besøket fekk omstilla seg til Texastid og varmen, satte me kursen mot koselige San Antonio.

Ein rusletur langs riverwalken er obligatorisk her. 


Mens ungane hoppa og spratt, fekk me litt større nyta synet av fargerike planter, ekorn som leika seg rundt oss, høge, tøffe bygg og ein generelt stemningsfull by. 

For to politifolk på tur, er det interessant å observera tenestemenn på jobb i eit anna land. 
På desse vekene møtte me både uniformskledde i båt, på sykkel og i bil - iført cowboyhatt. 



Spenninga var stor då me gjekk inn porten på SeaWorld, der me blant anna fekk ta delfinar, haiar og spekkhoggarar i nærare augesyn.


I tillegg fekk både små og store køyra karusellar og ta heftige berg og dalbaner.
Kjente i alle fall at eg pusha nokon grenser der..... men gud kor godt det kribla i magen!


Det var også fascinerande å sjå showa, med godt trena dyr og god koreografi.


Når sola kom høgare på himmelen, vart det etterkvart heitt å traske rundt. 
Dermed kasta dei minste klærne og tok seg ei forfriskande stund i vatnområdet.





Etter ein dag med mange inntrykk og opplevelsar, var det ein småsliten gjeng som satte kursen mot bilen. Ein sovna i vogna, mens ein kollapsa på parkeringsplassen. 


Ein anna obligatorisk post på programmet er ein tur til naturreservatet Brazos Bend State Park. 

Smågutane hadde høyrt mykje om alligatorane i Texas, som lev vilt i områda her. 
Er du heldig kan du sjå dei langs elva på din daglige rusletur.
Men då me ikkje hadde støytt på dei tilfeldig, måtte me oppsøke naturreservatet, der 350 voksne, frittgåande alligatorar har tilhald. 



I det trolske sumpområdet fekk me, i tillegg til å studera alligatorane, eit innblikk i det varierte fuglelivet, sjå digre grøne froskar, skilpadder, og i tillegg ein hjort som var veldig nysgjerrig på oss. 

Men så skjedde det uforutsette ting......
Ein kunstgjødselfabrikk i småbyen West i Texas gjekk i lufta.
TV2s USA-korrespondent var i Boston etter terroren og kom seg ikkje fort nok til Texas. 
Dermed ringte dei meg.


Frå første telefon kjente eg adrenalinet pumpa. 
Eg, innbarka avisjournalist, jobba for TV? Eg som aldri har stått framfor eit kamera før.
Men eg likar utfordringar. Og med besøk i heimen, som kunne hjelpe til med småjentene, kasta eg meg i bilen.

Og eg som trudde adrenalinnivået mitt var høgt på morgonen....
Det vart eit svært lærerikt døgn. Alt frå å gå live på Nyheitskanalen på telefon, mens eg suste avgårde på motorvegen, møte vitner som hadde båret ut døde og hardt skadde, til å jobba skulder til skulder med heile verdspressa, og ikkje minst å gå live på 21-nyheitene. Eg trur eg aldri har vore så nervøs i heile mitt liv.
Men takket være veldig god veiledning frå TV2-folka og hyggelig oppbakking av NRKs USA-korrespondent, kom eg meg nokolunde heilskinna gjennom døgnet.


Like kjapt som eg gjekk frå husmor til livereportar, var kvardagen tilbake.
Og eg fortsette som vertinne og guide, om enn med eit litt breiare smil om munnen.
No gjekk turen downtown for å nyta synet av mektige skyskraparar som glinsa i sola.
Parken Discovery Green er ideell for dette, der ungane også kan herja og leika litt. 


For kjøtglade folk kan Fogo De Chao - Brazilian Steakhouse verkeleg anbefalast.
Ikkje berre er maten veldig bra, men det er også ein opplevelse når kelnerane går rundt mellom borda og serverar alle tenkelige kjøttypar. 


Når det så vart helg, og alle hadde fri frå jobb, skule og barnehage, gjekk turen til Kemah ved kysten utanfor Houston. Tanken var ein tur på stranda, men her var ingen strand. 

Så då vart det piknik i graset, karusellar og rusletur langs borderwalken i staden.



Det Houston kanskje er mest kjent for er NASA - The closest thing to space on Earth.
Ein spesiell opplevelse å sjå kor enormt store rakettane verkeleg er.
Og ikkje minst å være i kontrollrommet som hadde heile verdas merksemd den julidagen i 1969 då Neil Armstrong rapporterte frå månens overflate: "Houston, the Eagle has landed". 


Takk for eit hyggeleg besøk Annette, Rune, Vetle og Sondre!