Viser innlegg med etiketten Småjentene. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Småjentene. Vis alle innlegg

mandag 24. juni 2013

Road trip: Del 2


Det fine med å reisa med bubil, 
er at me kan slå oss ned akkurat der det måtte passe.
Lake Powell var ikkje ein av plassane me hadde planlagt å stoppe, 
men her var det så nydeleg at me måtte bli i to netter.


Båttur på Lake Powell var ein kjærkommen avveksling 
frå dei mange kilometrane me hadde tilbakelagt i bubilen. 
Dette er det nest største menneskeskapte vatnmagasinet i USA,
 og hovudvatnkjelda til Las Vegas. 


Med vind i håret, faktainformasjon på øyra, utsikt over vakre fjell, nydeleg innsjø og blå himmel, var det lett å kobla heilt av og berre nyte. 


Her bada og kosa me oss både i innsjøen og bassenget, samt nytte eit vinglas til solnedgangen. 


Vidare gjekk turen på endelause, tøffe strekker til Monument Valley, 
som er velkjent frå mange kjende filmar. 


Ein føler at tida har stått stille når ein står og kikkar utover eit slikt landskap. 


Deretter gjekk turen vidare gjennom ørkenlandskapet
til den imponerande 18 meter høge Mexican Hat. 
Fascinerande balansekunst på denne sombreroliknande steinen.

Eit obligatorisk stopp var også Four Corners Monument, 
som er einaste staden i USA der fire statar møtes 
- Arizona, Utah, New Mexico og Colorado.


Noko av det småjentene sette mest pris på, var å oppleva nasjonalparken
 og verdsarvstaden Mesa Verde i Colorado. 
Her fekk me gå inni i ruiner av hus og landsbyar
som puebloindianarane bygde under utspring i fjellet på 1200-talet. 




Siste nasjonalparken på turen var "A red rock Wonderland" Archers, med over 2000 naturlige klippebuer og balanserande steinar skapt av vær og vind. 


Vanskeleg å leggja ned kamera i slike omgivelsar.  




Her fekk jentene springa, leika og ikkje minst klatra.
Enkelte amerikanarar såg skeptisk på fjellgeitene me har av nokon småjenter, då dei spann oppetter dei brattaste klippene. 





Sjølv om me kosa oss i bubilen, var det godt å returnera til sivilisasjonen
 etter nesten to veker i ørkenen.

På veg tilbake til Salt Lake stoppa me i den tøffe vintersportstaden 
Park City, 2000 moh.
Her rusla me i koselege gater og fekk i oss herlig middag grilla på hot stone.



Då sola var på veg ned fekk me herja og leika oss i campingplassens basseng, 
som me hadde heilt for oss sjølv. 


Høgdepunktet for jentene her var å ta stolheisen opp på fjellet og susa ned igjen i ei bobbane. 


Turen vart avslutta der me starta, i Salt Lake City, der me beundra det største av totalt 140 tempel som er eigd av The Church of Jesus Christ of Latter-day Saints.
Eit imponerande bygvgerk som tok 40 år å byggja. 


Sprekkfulle av inntrykk, etter å  ha tilbakelagt 3000 km, 
sette me kursen tilbake til Texas. 

Og no gledar me oss til at broderen, Gro og alle fire gutane landar i Houston om nokon timar. 



fredag 21. juni 2013

Road trip: Bryce, Zion og Grand Canyon


Ut på eventyr!
USA har mykje spennande å by på. 
Då me skulle leggja ut på sommarferie, sto nasjonalparkane i Utah og Arizona, samt Grand Canyon øverst på ønskelista. 


Turen starta luftvegen til Salt Lake City. 
Når me først bur i Amerika, fann me ut at me ville feriera på skikkeleg amerikansk vis - i campingbil.


Etter åtte månader i paddeflate Texas, var det herlig å sjå igjen fjell. 
Høge fjell, der nokre til og med hadde kvitkledde toppar. 
Med augene, og kamera, på stilk la me avgårde på endelause strekker sørover i Utah. 


Første stopp vart i småbyen Panguitch. 
Ein artig liten cowboylandsby, der blant anna den legendariske bankranaren
Butch Cassidy hadde tilhold i si tid. 


Då turen gjekk vidare begynte dei kjende, raude og spesielle fjellformasjonane
 i Bryce Canyon National Park å åpenbare seg.
Mens eg og Erling kikka opp og fram på fascinerande fjell, 
fatta småjentene like stor interesse for digre biller på stien.


Dei spesielle steinane er ikkje berre fine å iaktta,
men viste seg også å være supre å klatre på.


I den tørre varmen var det stor stas å få gå innunder ein buldrande foss.


Men det var ein som ikkje nøyde seg med å berre gå innunder.
Sjølv om vatnet var kaldt, ville han bevisa at han er tøffare enn oss jentene.... 


Lett å forelske seg i dette spennande landskapet!



Det var mykje fascinerande å sjå i Bryce Canyon. 
Men det det vakraste av alt her var å stå på toppen og sjå ut over alle hoodooane i Silent City - breathtaking!


Frå Bryce gjekk turen vidare til Zion National Park, der me tok buss innover i parken. 


Sprang på kronglete stiar, klatra på digre steinar, fekk nærkontakt med ekorn og kosa oss. 


Neste stoppestad vart i Hurricane, heilt sør-vest i Utah på grensa mot Nevada og Arizona, der det vart ein badestopp ved ein fredeleg innsjø. 



Deretter gjekk turen vidare til sjølvaste Grand Canyon, North Rim. 
Her var forventningane høge, men vart likevel innfridd!


Det var ein mektig følelse å rusle på smale stiar, med juv på 1600 meter rett ned på kvar vår side.
Me følte oss også temmeleg små då me prøvde å forklare jentene
at her kunne me observere to milliardar år med geologisk historie.


Då var det lettare for dei små å ta stilling til verdens minste fugleart, kolibri, som flokka seg rundt ein fuglematar på campingen ved Grand Canyon. 

Med ein slik fascinerande natur, er det vanskeleg å begrense bildebruken.
Eg må derfor dele turen opp i etappar. 

Fortsetjing følgjer...



onsdag 5. juni 2013

Eit skuleår er over

Åtte månadar har gått sidan me pakka sakene våre på Spikkestad
 og sette kursen over Atlanteren, til eit annleis liv i Texas. 
I åtte månader har jentene gått på amerikansk skule og barnehage.

Språket sit no som ein påle hos Vilde, 
som ofte sender oss oppgitte blikk over vår norsk-engelske uttale. 


Noko av det jentene set stor pris på, er vår velte morgonsykkeltur til skulen. 
På fine gangvegar, mellom flotte busker og trær, mens varmen og den høge luftfuktigheita slår i mot oss.
Når dama, som passar på at me kjem oss trygt over vegen, i tillegg helsar småjentene god morgon med eit "Hi there sweetheart, have a wonderful day!", kan ikkje morgonen få ein bedre start.


Inni mellom må me også legge inn ein liten stopp,
når nokon av dei små, søte harepusane i nabolaget sprett fram frå ein busk for å helsa på.  


Med Anine går det no i ein salig blanding av engelsk og norsk.
Eit eksempel på hennar setningar om dagen er:
"Awwww, for ein cute liten doggy".
Ho stortrives i barnehagen, men kjem til å savna bestisen Milla,
som no flyttar heim til Bergen.
Men ho kjem visst til å savne nokon andre også.... 
I dag tidleg, på veg inn døra til barnehagen, kviskra ho til meg:
 "Mamma, I love Bronson i klassen min..."


Overgangen frå Kindergarten til 1st Grade blir feira stort her borte.
Med kapper og firkanta hattar blir dei uteksaminert på Graduation Day, med alle foreldra tilstades.
Læraren til Vilde, Ms. Tharnish, har vore fantastisk. 
Ho klarte ikkje å stoppa og grine då ho fekk klemmar og tok farvel med elevane sine.
På skulen her stokkar dei korta for kvart skuleår, 
så etter ferien blir det spennande med både ny klasse og lærar. 





Når jentene i dag har siste dag på skulen og i barnehagen,
ventar nesten tre månadar med sommar og sol, 
før skuleklokkene igjen ringer inn 26. august. 


Ha ein strålande sommar!

søndag 26. mai 2013

17. mai

Grunnlovsdagen må feirast på skikkeleg vis, sjølv om me befinn oss langt vekke frå heimlandet.

Då 17. mai i år fall på ein fredag, då jobb- og skuleforpliktelsar kalla, 
vart den store feiringa forskyvd til den 18. 


Men me er so heldig å blitt kjent med koselege folk her borte, som tromma saman til ei feiring i hagen på ettermiddagen den 17. med potluck, pølsegrilling og ikkje minst bading i bassenget. 

Me set veldig pris på slike samlingar, då savnet etter alt og alle der heime blir ekstra stort på slike dagar. 

Takk, Monica!



Den 18. vakna me til knallblå himmel og ein temperatur som sto og dunka tett opp i mot 30 grader.
 Det frista å la dei svarte ullbunadane henga igjen heime.

Men det er ikkje kvar dag ein feirar 17. mai i utlandet, 
så då lirka me oss inn i finstasen. Og passa på å ta med sommarkjolane, 
i tilfelle hetetoktene vart for ille. 

Når me først ikkje feira stort den 17. var det jo ikkje heilt feil å feira den 18.
Sjølv om grunnloven er datert den 17. mai 1814, vart den først signert og besegla den 18. 



Litt over 1000, av dei nærmare 10.000 nordmennene som bur i Houston-området, hadde teke turen til sjømannskirka for å feire. 
Her var det både utendørs gudstjeneste, korps, pølser, kaker, is og brus.
 Og sjølvsagt 17. mai-tog, som aldri har vore lengre, fylt med glade ungar. 


Etter toget vart varmen for trykkande og bunaden måtte vika til fordel for lette sommarkjolar.
Då vart det også enklare å springa rundt på potetløp, i hoppeslott og sandkasse, samt leie rundt på godaste barnevakt-Stine.


onsdag 6. mars 2013

Rodeo

Kva er det første du tenkjer, om eg seier Texas?
Cowboyar og boots?


Til dagleg er det langt mellom cowboyhattane og spisse boots å sjå i USAs fjerde største by. 
Men når det er duka for årets store happening her borte, blir byen omgjort til eit cowboyeldorado.

Houston Livestock Show & Rodeo er verdens største i sitt slag, varer i 20 dagar, har 27.000 frivillige i sving og trekk rundt to millionar tilskuarar.
Dermed måtte me fram med korrekt fottøy, før me også var klar. 




Iiiiihhhaaa!


Helga før den ordentlige rodeoen startar i Houston, 
blir det arrangert ein mindre versjon i Katy, der me bur. 
Her kjem publikum tettare på både hestar og oksar, og det var ein fin forsmak til det store sirkuset i byn. 


Anine passa på at me ikkje bråka for mykje, så dei feite grisane fekk sova i fred. 
Men då småjentene oppdaga at dei digre dyra ikkje berre åt og sov, men også gjorde i frå seg - rett ved små, rosa cowboyboots, fekk pipa ein litt anna lyd.  


Her vart me introdusert for heile spekteret: hestar, flagg, cowboyar, nasjonalsong og barbeque. 


Jentene fekk også prøva seg i ringen, då alle ungar med pinnehest fekk lov å delta på eit kappløp. 



Minstejenta var ikkje sikker på om ho var mest begeistra for tivoliet, klovnen som showa, pinnehest-premien sin, eller å møta den O store heltinna: barnevakten Stine. 


Etter å ha testa Katy-rodeoen var me klar for å oppleva den skikkelige rodeoen, som har vore ein årleg begivenheit i 80 år.  



Her vart det ansiktsmaling, fleire dyremøter, studering av små og store boots både på golv og i tak. 


Før me benka oss ned i imponerande store Reliant Stadium, med sukkerspinn og popkorn (ja, me er jo i Amerika...) for å sjå på viltre hestar og okser. Jentene gjorde store auger og hoja med, når  dei tøffe karane vart kasta av. 

Når cowboyane tek kvelden, blir manesjen raskt rigga om til ei scene. 
Dermed fekk jentene også sin første konsertsmakebit. 
Og etter dansinga og stjernene i augene å dømma, var ikkje dette den siste.