søndag 30. desember 2012

Texasjul

Endeleg var ventetida over.
Vårt første besøk gjekk inn for landing og me var klar for jul utan snø og kulde.
 
 
Sjølv om juletreet har fått stå i stova sidan begynnelsen av desember, 
holdt me på vår faste tradisjon og spreidde pynten først vetle julafta.
Men der stoppa også alt som heiter faste tradisjonar den dagen.
 
Når gradestokken viste +24C og besteforeldra hadde tatt den lange vegen frå Sogndal, måtte me ut å nyta veret og byen.  
Turen gjekk til Houston Zoo, med sine vel 6000 dyr. 

 
Småjentene sette mest pris på spretne apekattar, digre elefantar og dovne bjørnar.
 

Mens dei langvegsfarande besteforeldra stoppa ekstra lenge ved flotte løver og grasiøse sjiraffar. 

 
Men dyra trengde ikkje å ha puls for å vinna oppmerksomheita til aktive småjenter, som besteforeldra måtte jobba for å holda tritt med.

 
Dyrepark var stas, men lite kan måla seg med julafta for forventningsfulle jenter.

 
Når me først bur i Amerika, måtte me innføra ein ny tradisjon: julestrømper.
Men her i huset vart både dei og pakkane opna 24. og ikkje 25. som hjå alle naboane.

 
Etter julestrømper og lang, god frukost gjekk turen til gode venner, der me var 22 samla til julegraut og spekemat. Og jammen kom nissen også, som delte ut både klemmar og pakkar til dei minste, samt nokon av dei største.
 
Men så var det duka for kveldens største høgdepunkt for meg: pinnakjøt, som smaka akkurat lika godt som heima. Før jentene fekk lov å begynne på det dei hadde gleda seg aller mest til.
 
 
Augene strålte og gledesutbrota var mange etterkvart som dei jobba seg gjennom gåvehaugen. 
Høgast gaula Vilde då ho fekk ei ekte Amarican Girl, som har stått øverst på både hennar og mange andre seksåringars ønskjelister.
 
Mens jentene sovna med smil om munnen og kvar si dokke i armkroken, avslutta me andre kvelden utandørs med bare bein, stearinlys og noko godt i glaset.
 
Godt nytt år til alle mine føljarar!
 
 

tirsdag 11. desember 2012

Snø, nissar og papegøye

Når julestemningen ikkje kjem av seg sjølv, må me jobbe litt for å få den på plass.
Og det er noko mange ønskjer å hjelpa til med.
 
Sjømannskyrkja i Houston gjer ein veldig bra jobb. Dei har mange tilstelningar for oss emigrerte nordmenn. Då me fekk invitasjon til juleverkstad, kasta me oss med.
Her fekk me mekka julenissar, baka pepperkaker, tenna adventslys, synga julesangar,
kjøpa gløgg og ein etterlengta norsk sjokolade. 
 
 
Heime pleier me å få juletreet i hus vetlejulafta. Men då har me også vore i skogen og hogd det.
Når me bur i dette landet, gjere me om på nokon tradisjonar. Så i år fekk treet, med sine 10.000 små krypdyr, stå i fred i skogen. Me monterte i staden vårt, som var fiks ferdig med 750 små lys jevnt spredd utover. Uansett kor ferdige alle andre i nabolaget er med sine juletre, kjem ikkje pynten på vårt før tidlegast bittevetle julafta.


Men litt julete er det likevel blitt med peishyllepynt, strikkanissar, adventsstake og adventskalendar.
Er forresten usikker på kva jentene tel mest ned til, julafta eller at besteforeldra kjem på besøk seks dagar før!
 

Me kan jo ikkje ha advent uten å baka litt.
Etter å ha søkt litt på google translate og leita ein del i butikken, fann me til slutt alle ingrediensane me trengte til pepperkakedeigen.  
Med julemusikk i bakgrunn og gløgg i koppen, satte me i gang ute på hagebordet i +28C.
Annleis og koseleg, men langt frå julestemning.

 
Me  var ikkje sein å be då nabolaget lokka med julenisse, hesteridning og faktisk snø!

 
I denne varmen kom sjølvsagt ikkje snøen dalande, men køyrande langvegsfrå i ein kjølebil.
Ungane brydde seg ikkje kor den kom frå, dei storkosa seg med aking og snøballkasting.

Heller ikkje karusellane her er som heime.
Ja, den går rundt. Men det er skikkelige hestar ungane får sitta på, til småjentenes store glede.  
 
 
 Dyrekjære Vilde fekk også helsa på julemarkedets papegøye.
 
 
Og fekk ansiktsmaling sammen med klassevenninna, Lola.

 
Når me først testar amerikansk jul måtte me prøva oss ut på skøyteisen.
Søndag var det så varmt at utendørsbana i ein av parkane holdt stengt. Men fleire av dei største kjøpesentra har digre skøytebaner, dermed gjekk turen dit på ustødige bein.

 
Skjelven i beina, slitne og fornøyde svinga me innom eit lysande nabolag,
 på veg heim. Her har huseigarane pynta så ekstremt i hagane, at køane med skuelystne er lange.
Dei har også tima lysblinkinga med musikken, som dei forbikøyrande kan tuna inn på radioen.


Me held oss på eit meir moderat plan med reinsdyret vårt, julestjerner i vindaugene og sist, men ikkje minst, jentenes sjølvvalde lysande Hello Kitty.
 

onsdag 5. desember 2012

Frivillig tvang

Før me flytta hadde eg høyrt at skulane, då spesielt i Katy, var svært gode og velfungerande.Vildes skule er faktisk ein av dei få i Texas som har fått 10 av 10 mulige poeng i ein stor skuleevaluering.
 
Engasjerte lærarar og bra system skaper ein god skule, men ikkje åleine.
Foreldre er også med å bidreg, og det ikkje så reint lite heller. 
Eg som trudde nordmenn var gode på dugnad og frivillig arbeid.... 
 
I alle kryss, rundt alle skular står dei med sjølvlysande vestar, stoppskilt i handa og eit stort smil om munnen. Om det er 27 grader og strålande sol, eller 8 grader og sur vind, ønskjer dei deg hjerteleg  god morgon.
Good morning, have a lovely day!
 
Men det er ikkje berre for unganes sikkerheit foreldra bidreg.
Ein har ikkje vore lenge i landet før ein får utdelt lister med kva ein kan tenka seg å hjelpa til med.
Læraren er på skulen for å øsa kunnskap over elevane.
Derfor blir oppgåver som for eksempel kopiering og laminering satt bort til foreldre.
Og er du ikkje så glad i å tilbringa tid ved kopieringsmaskina, kan du blir fast bibliotekhjelp 2,5 timar ein gong i veka.  


Inspirerande miljø på biblioteket på Vildes skule.
 
Når nærmare 1000 elevar skal inn i kantina trengs det også hjelp.
 Rundt dei små som får i seg nista si, svinsar det daglig foreldre som passar på at dei ikkje bråkar, men sitt fint og et.


 
 

 
Og når lunsjboksen er tom og magen full, går kvar klasse på rekke og rad tilbake til klasserommet.
Orden og disiplin er det ikkje mangel på. Og som mange ungar likar også Vilde forutsigbarheit og stortrives på sin nye skule.
 
Men tilbake til den frivillige tvangen. 
Dersom du ignorerer dei mange lappane som kjem heim i unganes skulesekk om kva akkurat du kan tenka deg å bidra med for å gjera din unges skulekvardag bedre, kan du være sikker på at det renn inn med mailar med same spørsmål.
 
Og gulerota dei lokkar med er muligheita til å vinna parkeringsplass på skulen, merka med "Volunteer of the Month".
 
Kampen om den gjeve premien skal eg ikkje kasta meg inn i.
Men eg får vel snart gi etter for presset og forsiktig prøva meg ut som klasseromhjelpar.