Med Presidents Day mandag fekk me plutselig langhelg, og då må Texas utforskast.
Denne gongen sto hovedstaden for tur.
Austin, med rundt ein million innbyggarar, er kjent for sitt livlige natteliv og er ellers prega av å være ein universitets- og IT-by.
Første stopp var ein rusletur i den kjente Sixth Street, med alle sine barar, klubbar og konsertar.
Første stopp var ein rusletur i den kjente Sixth Street, med alle sine barar, klubbar og konsertar.
Her fekk jentene bestemma framkostmiddel, då vart det hest og kjerre.
Me kan jo ikkje bu i cowboyland uten boots og korrekt hodeplagg.
Dermed bar turen innom Allans Boots.
Etter å ha funne spisse støvlar som falt i smak, svinga Anine seg rundt, showa og viste alle som ville sjå at det bur ei skikkeleg cowboyjenta i ho.
Kvar kveld går over hundre ulike band på scenene rundt om kring i Austin, noko som har gitt byen status som verdens liveband-hovedstad.
I tillegg til i 6th street, er bydelen SoCo også kjent for sine mange og gode uteplassar.
Her ligg blant anna det fleire meinar er verdens beste rockeklubb, The Continental Club, som me sjølvsagt måtte innom ein liten tur.
Samt institusjonen Amy`s Ice Creams, som ikkje kunne passerast uten ein smaksprøve.

Yrande nattliv innbyr til hotell midt byen og fest til langt på natt.
Men med småjenter på tur, passa det bedre å trekka litt ut frå by`n og heller ta inn på eit resort med bademuligheiter og utsikt over ein innsjø.

Både resortet og området rundt Lake Travis falt i smak.
Når det snart er fem månader sidan me har sett så mykje som ein liten bakke,
Når det snart er fem månader sidan me har sett så mykje som ein liten bakke,
var det herlig å køyre i litt kupert terreng mellom grøne åsar.
Amerikanske tradisjonar er til for å testast.
Me kan ikkje sitta med småjenter ved ein utepeis uten å smake smores:
ein sandwich av kjeks, grilla marsmellows og sjokolade.
Søtt, godt, men ei kaloribombe utan like!
Når me endeleg hadde muligheit til å komma litt opp i høgden, satte me kursen mot den høgaste åsen i Austin: Mount Bonell. Ein liten haug i norsk målestokk, eit fjell i texasmålestokk.
Det er rekna som det høgaste punktet i Austin, med sine 237 meter, og utsikt inn til by`n.
Her fekk me også trimma oss litt, då jentene valde å småjogga oppover dei 100 trappetrinna.
Me falt fullstendig for den pulserande atmosfæren i Austin.
Byen har det meste, frå røffe bygningar i skikkeleg westernstil, til mektig regjeringsbygg og intime små kafear.