torsdag 19. september 2013

Verdens lengste sommarferie


Tre månadar ferie er mykje, veldig mykje. 

Me starta jo sommarferien med roadtrip ved Grand Canyon og nærliggande nasjonalparkar, før me fekk sognabesøk i nesten tre veker. 

Deretter hadde eg og jentene nærmare to månader ferie åleine her i Texas. 

Dei fleste nordmenn som er busett her borte vender nasen mot heimlandet i denne perioden, då ungane har skulefri og temperaturen blir ganske så trykkande. 

Mange av dei ønska oss lykke til, mens dei tørka sveitteperlene. 


Då varmen vart for intens, stakk me ut til kysten, stranda og sval bris.

Enkelte venner der heime, som hadde hatt ei eller to veker ferie med sine søte små, og fått søskenkrangling og slåssing heilt opp i halsen, ønska meg også lykke til.

Eg skal ærlig innrømme at det til tider var litt utfordrande.
Men det er truleg berre ein gong i livet eg har tre månadars sommarferie med småjentene,
så då passa me på å roe ned og nyte tida og varmen.

Movie Under the Sky. Herlig å sitte ute i nabolagets største park og nyte varmen, skumringen, popkorn og ein film.

Og overraskande nok gjekk to månadar veldig fort.
Det vart mange late morgonar og mykje bassengbesøk.

Vilde og beste Texas-venninna, Lola, i aksjon i nabolagets symjebasseng. 

Men me klarte også å utretta litt.
Etter mange timar i det våte element med mori, og to intensive veker på symjekurs med Ms. Daniella,
sym treåringen sjølv.



Sjølv om det kan virke slik, er det ikkje berre sol og blå himmel her.
Vilde har funne seg ein favorittaktivitet, når veret ikkje fristar til bading, nemleg keramikkmaling.
Dette er den mest klassiske stay-at-home-mum-aktiviteten som fins...


I helgane, då Erling også hadde fri, var me på oppdagelsesferd rundt i Houston.




Blant anna til Houston Museum of Natural Science, sommarfuglparken,
fine Herman Park og Surfside Beach.


Me har verkeleg hatt fine dagar, veker og sommarmånader. 
Men hadde eg hatt sjansen, ville eg glatt bytta med Erling nokon dagar.... 
Stått opp til sovande hus, satt meg i bilen om morgonen, reist på jobb der eg hadde følt meg nyttig, vore sosial med kolleger og komme heim til ferdiglaga middag......

Men det er ikkje lenge til kvardagen der heime innhentar oss.
Jobbe skal eg tross alt gjere resten av livet.
Så no skal me åpne dørene og kose oss med alt besøket, som set kursen over Atlanteren, for å få ein smakebit av Texas-livet vårt.