søndag 30. desember 2012

Texasjul

Endeleg var ventetida over.
Vårt første besøk gjekk inn for landing og me var klar for jul utan snø og kulde.
 
 
Sjølv om juletreet har fått stå i stova sidan begynnelsen av desember, 
holdt me på vår faste tradisjon og spreidde pynten først vetle julafta.
Men der stoppa også alt som heiter faste tradisjonar den dagen.
 
Når gradestokken viste +24C og besteforeldra hadde tatt den lange vegen frå Sogndal, måtte me ut å nyta veret og byen.  
Turen gjekk til Houston Zoo, med sine vel 6000 dyr. 

 
Småjentene sette mest pris på spretne apekattar, digre elefantar og dovne bjørnar.
 

Mens dei langvegsfarande besteforeldra stoppa ekstra lenge ved flotte løver og grasiøse sjiraffar. 

 
Men dyra trengde ikkje å ha puls for å vinna oppmerksomheita til aktive småjenter, som besteforeldra måtte jobba for å holda tritt med.

 
Dyrepark var stas, men lite kan måla seg med julafta for forventningsfulle jenter.

 
Når me først bur i Amerika, måtte me innføra ein ny tradisjon: julestrømper.
Men her i huset vart både dei og pakkane opna 24. og ikkje 25. som hjå alle naboane.

 
Etter julestrømper og lang, god frukost gjekk turen til gode venner, der me var 22 samla til julegraut og spekemat. Og jammen kom nissen også, som delte ut både klemmar og pakkar til dei minste, samt nokon av dei største.
 
Men så var det duka for kveldens største høgdepunkt for meg: pinnakjøt, som smaka akkurat lika godt som heima. Før jentene fekk lov å begynne på det dei hadde gleda seg aller mest til.
 
 
Augene strålte og gledesutbrota var mange etterkvart som dei jobba seg gjennom gåvehaugen. 
Høgast gaula Vilde då ho fekk ei ekte Amarican Girl, som har stått øverst på både hennar og mange andre seksåringars ønskjelister.
 
Mens jentene sovna med smil om munnen og kvar si dokke i armkroken, avslutta me andre kvelden utandørs med bare bein, stearinlys og noko godt i glaset.
 
Godt nytt år til alle mine føljarar!
 
 

tirsdag 11. desember 2012

Snø, nissar og papegøye

Når julestemningen ikkje kjem av seg sjølv, må me jobbe litt for å få den på plass.
Og det er noko mange ønskjer å hjelpa til med.
 
Sjømannskyrkja i Houston gjer ein veldig bra jobb. Dei har mange tilstelningar for oss emigrerte nordmenn. Då me fekk invitasjon til juleverkstad, kasta me oss med.
Her fekk me mekka julenissar, baka pepperkaker, tenna adventslys, synga julesangar,
kjøpa gløgg og ein etterlengta norsk sjokolade. 
 
 
Heime pleier me å få juletreet i hus vetlejulafta. Men då har me også vore i skogen og hogd det.
Når me bur i dette landet, gjere me om på nokon tradisjonar. Så i år fekk treet, med sine 10.000 små krypdyr, stå i fred i skogen. Me monterte i staden vårt, som var fiks ferdig med 750 små lys jevnt spredd utover. Uansett kor ferdige alle andre i nabolaget er med sine juletre, kjem ikkje pynten på vårt før tidlegast bittevetle julafta.


Men litt julete er det likevel blitt med peishyllepynt, strikkanissar, adventsstake og adventskalendar.
Er forresten usikker på kva jentene tel mest ned til, julafta eller at besteforeldra kjem på besøk seks dagar før!
 

Me kan jo ikkje ha advent uten å baka litt.
Etter å ha søkt litt på google translate og leita ein del i butikken, fann me til slutt alle ingrediensane me trengte til pepperkakedeigen.  
Med julemusikk i bakgrunn og gløgg i koppen, satte me i gang ute på hagebordet i +28C.
Annleis og koseleg, men langt frå julestemning.

 
Me  var ikkje sein å be då nabolaget lokka med julenisse, hesteridning og faktisk snø!

 
I denne varmen kom sjølvsagt ikkje snøen dalande, men køyrande langvegsfrå i ein kjølebil.
Ungane brydde seg ikkje kor den kom frå, dei storkosa seg med aking og snøballkasting.

Heller ikkje karusellane her er som heime.
Ja, den går rundt. Men det er skikkelige hestar ungane får sitta på, til småjentenes store glede.  
 
 
 Dyrekjære Vilde fekk også helsa på julemarkedets papegøye.
 
 
Og fekk ansiktsmaling sammen med klassevenninna, Lola.

 
Når me først testar amerikansk jul måtte me prøva oss ut på skøyteisen.
Søndag var det så varmt at utendørsbana i ein av parkane holdt stengt. Men fleire av dei største kjøpesentra har digre skøytebaner, dermed gjekk turen dit på ustødige bein.

 
Skjelven i beina, slitne og fornøyde svinga me innom eit lysande nabolag,
 på veg heim. Her har huseigarane pynta så ekstremt i hagane, at køane med skuelystne er lange.
Dei har også tima lysblinkinga med musikken, som dei forbikøyrande kan tuna inn på radioen.


Me held oss på eit meir moderat plan med reinsdyret vårt, julestjerner i vindaugene og sist, men ikkje minst, jentenes sjølvvalde lysande Hello Kitty.
 

onsdag 5. desember 2012

Frivillig tvang

Før me flytta hadde eg høyrt at skulane, då spesielt i Katy, var svært gode og velfungerande.Vildes skule er faktisk ein av dei få i Texas som har fått 10 av 10 mulige poeng i ein stor skuleevaluering.
 
Engasjerte lærarar og bra system skaper ein god skule, men ikkje åleine.
Foreldre er også med å bidreg, og det ikkje så reint lite heller. 
Eg som trudde nordmenn var gode på dugnad og frivillig arbeid.... 
 
I alle kryss, rundt alle skular står dei med sjølvlysande vestar, stoppskilt i handa og eit stort smil om munnen. Om det er 27 grader og strålande sol, eller 8 grader og sur vind, ønskjer dei deg hjerteleg  god morgon.
Good morning, have a lovely day!
 
Men det er ikkje berre for unganes sikkerheit foreldra bidreg.
Ein har ikkje vore lenge i landet før ein får utdelt lister med kva ein kan tenka seg å hjelpa til med.
Læraren er på skulen for å øsa kunnskap over elevane.
Derfor blir oppgåver som for eksempel kopiering og laminering satt bort til foreldre.
Og er du ikkje så glad i å tilbringa tid ved kopieringsmaskina, kan du blir fast bibliotekhjelp 2,5 timar ein gong i veka.  


Inspirerande miljø på biblioteket på Vildes skule.
 
Når nærmare 1000 elevar skal inn i kantina trengs det også hjelp.
 Rundt dei små som får i seg nista si, svinsar det daglig foreldre som passar på at dei ikkje bråkar, men sitt fint og et.


 
 

 
Og når lunsjboksen er tom og magen full, går kvar klasse på rekke og rad tilbake til klasserommet.
Orden og disiplin er det ikkje mangel på. Og som mange ungar likar også Vilde forutsigbarheit og stortrives på sin nye skule.
 
Men tilbake til den frivillige tvangen. 
Dersom du ignorerer dei mange lappane som kjem heim i unganes skulesekk om kva akkurat du kan tenka deg å bidra med for å gjera din unges skulekvardag bedre, kan du være sikker på at det renn inn med mailar med same spørsmål.
 
Og gulerota dei lokkar med er muligheita til å vinna parkeringsplass på skulen, merka med "Volunteer of the Month".
 
Kampen om den gjeve premien skal eg ikkje kasta meg inn i.
Men eg får vel snart gi etter for presset og forsiktig prøva meg ut som klasseromhjelpar. 
 


 

tirsdag 27. november 2012

Første vetle Texas-ferie

 Då var tida komen for vår første ferie her borte.
På årets største utfartshelg stakk amerikanarane heim til familien for å feira Thanksgiving.
 Mens me som har utvandra, feira med vår utvida familie.  
Turen gjekk til Rockport, snaue tre timar køyring - midt mellom Houston og Mexicogrensa, der me leigde eit strandhus med venner.
 


Vennene hadde både baby og hund.
Og når småjentene i tillegg fekk boltra seg på milelange sandstrender, kunne ikkje livet bli bedre.

Ikkje lagt frå Rockport ligg også Padre Island.
World`s longest barrier island, on the tropical tip of Texas.
Der småjentene sprang i sanddynene.....

 .... og sjåførane fekk herja, sladda og leika seg på dei råfine strendene.
 

 Me var også innom havnebyen Corpus Christi med skyskraparar, museum og sjølvsagt strender.



 
Sjølve thanksgiving-middagen inntok me på ein skikkeleg Texas-restaurant.
Der borda, skinnstolane og veggene var spraylakkert med palmemotiv i gul-oransje solnedgang, mens julelysa dingla rundt oss i taket. Men både kalkunen, alt tilbehøret og margaritaen falt i smak, så me hadde ein minnerik Thanksgiving-debut.
 

 
På vegen heim stoppa me kjapt i Lake Texana Parken, med sin spesielle natur.
Her kryr det visst av vaskebjørnar, hjortar med kvite halar, gauper, harar og krokodillar, men dei satsar me på å kikke nærmare på ein anna gong.
 

tirsdag 20. november 2012

Årstidsforvirra

På denne tida av året er det vanlegvis på tide å tulla seg inn i ullstrømper, vottar og huer.
Mørket og kulden ute fristar til å fyra i peisen, tenna lys og kosa seg inne.
Snøen på fjelltoppane gjer det lett å leika med tanken om julepakkar, pinnakjøt og adventskalender.
 
Men med ein gjennomsnittleg dagtemperatur på 22 grader, sol som varmar og ungar i shorts, er det lett å tru at det er veldig lenge til jul.
 
Sjølv om ikkje temperaturen gir meg hint om at me nærmar oss den store pakkehøgtida, jobbar i alle fall dei som tenar pengar på jula intenst med å få meg på tanken.

Sidan Halloween har julemusikken ljoma over alt.
I alle slags butikkar, det være seg forretningar som sel jernvare, matvare eller hageting, bugnar det av juledekorasjonar og overpynta juletrær i alle mulige fargar og fasongar.
 
 
Enorme nissar ønskjer oss velkommen og byr på juletre i kva farge som enn måtte frista.
 
 
Her fins hyllemeter på hyllemeter med julefargen eller temaet som akkurat du kan tenke deg.
 
 
Nokon går så opp i julepyntinga at dei opnar opp heimane sine, sjølvsagt mot betaling, for at skuelystne kan få sjå.
Eigarane av slike hus har dekorert kvart rom med eit eige tre som har kvar sitt tema.
 
 
 
Sjølv om det er ein del glorete og overpynta å sjå,
er det heldigvis mykje fint inni mellom også.
Det er bra når me no plutseleg har ei klassisk, diger, amerikansk peishylle me skal dekorere til denne søte juletid.
 
 
På tross av alle påminnelsene rundt om kring, gjekk det først i dag opp for meg at det straks er advent. Men når dei forventningsfulle småjentene vaknar neste laurdag, heng nok julekalenderen deira klar.
 
 
 
 
I mellomtida skal me testa ut den største høgtida av dei alle her i USA - Thanksgivng.

Kos dikka med juleforberedelsene der heime.

 

torsdag 15. november 2012

Tospråkleg

 Språk er spennande!
 
Men når du er tre og seks år er det ei stor omvelting å hoppa inn i ein klasse og barnehage, der alle snakkar annleis enn deg sjølv.
 
Vilde har vore heldig og fått ein kjempeflink lærar som spelar på lag med ungane for å lære tilflyttarane engelsk. Dermed har det gått sport i å forklare Vilde betydningen av ulike ord.
  
Vilde i aksjon i klasserommet sitt.
 Kvar dag har me spurt Vilde kva nye ord ho har lært på skulen.
Men det er kjedeleg med nysgjerrig graving frå mamma, så svara har vore få og korte.
 
 
Forundinga var derfor stor då ho hadde ei venninne med heim frå skulen. 
Då ho trudde me ikkje høyrde, gjekk praten fint mellom dei to.
Og sto Vilde fast, peika Lina og forklarde på ein anna måte.
 
 
Med Anine går det sjølvsat litt seinare.
Men allereie no er "Good morning, Miss Lisa" ein sjølvfølgje når ho kjem i barnehagen.
Og nye småord dukkar opp kvar dag.
 
Anine og resten av barnehagegruppa føl spent med når læraren les for dei.
 
 Me er også borti litt språkleg forvirring...
Ved middagsbordet peikar Anine på ei skål og seier: sørkål.
- Nei, det er ikkje surkål, svarar eg.
- Sirkaal !! Seier treåringen bestemt.
- Åhhh, circle, ja! ;-)
 
 
Her kan de sjølv sjå kor kjapt dei små lærer:
 

fredag 9. november 2012

Subtropisk på godt og vondt

Mykje er nytt og uvant i eit framandt land.
Noko er lett å venne seg til, andre ting må eg nok bruka litt tid på....
 
Den største forskjellen, som me også set pris på, er vêret.
Noko som eg, i likheit med mange andre nordmenn, er oppteken av.
 
Av gammal vane klikkar eg jevnlig innom vêrsider.
Men etter ein månad i dette landet, er eg begynt å skjønne at himmelen som regel er knallblå, og temperaturen tilseier shorts, singlet og sandalar.

 
 
Andre ting som er lett å venne seg til, er alle dei forseggjorte grøntområda her i forstaden Katy.
Når nye bustadfelt poppar opp er parkar, stiar og blomsterbed på plass, før husa er klare til innflytting.


Det er heller ikkje meg i mot at gartnarane er så ivrige.
Når plantene i beda begynnar å sjå litt pjuskne ut, er dei kjapt ute med erstatningar.



Planting av stemorsblomster, eller  “Johnny Jump Up” som dei kallar den her borte, er heilt greit når det no står november på kalendaren.

 
Men det subtropiske klimaet byr også på nokon utfordringar.
Utfordringar med små, ivrige føter som bevegar seg fort og opererer i flokk.
Maur!
 
Ein liten innføring for dei uinnvidde:
Fire ants er berre noko ein må bli vant til.
På alle plener og hageflekkar er dei lett gjenkjennelige, der dei bygg sine små jordhaugar.

 

Og syns du pissemauren bit, då har du ikkje møtt ein fire ant.
Lang, lang rekke. Jentene er tøffe på avstand frå dei bitande småkrypa.
 
Ein ting er bitande maur ute, som du kan velja å gå forbi.
Ein anna er når dei bittesmå krypa kjem inn i huset.

Men no er det ikkje fire ants eg snakkar om lenger.
Derimot sugar ants og ghost ants.
Me har hatt æra av å møta begge, og dei kjem aldri på besøk åleine.
 
Sugar ants stifta eg bekjentskap med etter å ha kutta opp melon og lagt kniven på kjøkendisken.
Etter nokon timar var ikkje det skarpe redskapet sølvfarga lenger, men svart av småmaur.

 
Mens sugar ants trives på kjøkenet, har ghost ants har lagt sin elsk på badet. Dei har fått navnet fordi dei nesten er usynlege, før det blir mange nok av dei...
 
 
Ein kan læra mykje av pestkontrolløren,
som no har avlagt oss fleire besøk med sine ulike kjemikalier.
 Og har han gjort jobben sin, vil småkrypa frå no av befinne i naboens hage og ikkje inne hjå oss.