Mykje er nytt og uvant i eit framandt land.
Noko er lett å venne seg til, andre ting må eg nok bruka litt tid på....
Den største forskjellen, som me også set pris på, er vêret.
Noko som eg, i likheit med mange andre nordmenn, er oppteken av.
Noko som eg, i likheit med mange andre nordmenn, er oppteken av.
Av gammal vane klikkar eg jevnlig innom vêrsider.
Men etter ein månad i dette landet, er eg begynt å skjønne at himmelen som regel er knallblå, og temperaturen tilseier shorts, singlet og sandalar.
Andre ting som er lett å venne seg til, er alle dei forseggjorte grøntområda her i forstaden Katy.
Når nye bustadfelt poppar opp er parkar, stiar og blomsterbed på plass, før husa er klare til innflytting.
Det er heller ikkje meg i mot at gartnarane er så ivrige.
Når plantene i beda begynnar å sjå litt pjuskne ut, er dei kjapt ute med erstatningar.
Planting av stemorsblomster, eller “Johnny Jump Up” som dei kallar den her borte, er heilt greit når det no står november på kalendaren.
Men det subtropiske klimaet byr også på nokon utfordringar.
Utfordringar med små, ivrige føter som bevegar seg fort og opererer i flokk.
Maur!
Ein liten innføring for dei uinnvidde:
Fire ants er berre noko ein må bli vant til.
Fire ants er berre noko ein må bli vant til.
På alle plener og hageflekkar er dei lett gjenkjennelige, der dei bygg sine små jordhaugar.
Og syns du pissemauren bit, då har du ikkje møtt ein fire ant.
| Lang, lang rekke. Jentene er tøffe på avstand frå dei bitande småkrypa. |
Ein ting er bitande maur ute, som du kan velja å gå forbi.
Ein anna er når dei bittesmå krypa kjem inn i huset.
Men no er det ikkje fire ants eg snakkar om lenger.
Derimot sugar ants og ghost ants.
Me har hatt æra av å møta begge, og dei kjem aldri på besøk åleine.
Sugar ants stifta eg bekjentskap med etter å ha kutta opp melon og lagt kniven på kjøkendisken.
Etter nokon timar var ikkje det skarpe redskapet sølvfarga lenger, men svart av småmaur.
Mens sugar ants trives på kjøkenet, har ghost ants har lagt sin elsk på badet. Dei har fått navnet fordi dei nesten er usynlege, før det blir mange nok av dei...
Ein kan læra mykje av pestkontrolløren,
som no har avlagt oss fleire besøk med sine ulike kjemikalier.
Og har han gjort jobben sin, vil småkrypa frå no av befinne i naboens hage og ikkje inne hjå oss.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar