søndag 21. oktober 2012

Første dagar i nytt land

Varmt, nytt, spennande og ei bøtte med ulike følelsar.
Det oppsummerar mykje av våre første dagar etter flytting frå Spikkestad til Houston, Texas.



Frå dette, til dette.....
Nokon meinar me er sprø som flyttar heile familien over Atlanteren, der alt er nytt og ukjent.
Andre meinar det er ein sjanse som ikkje er mulig å takka nei til, og syns me er heldige.

Eg er litt enig i begge måtar å sjå det på. Ja, dette er litt sprøtt, og me er sprøtt-heldige som får oppleve det.

Då Vilde hadde sin første dag på amerikansk skule, var det ei mor med tynnslitte nerver som venta på ho ved utgangen etter endt dag. Ei seks år gammal jente, sju timar i ein klasse, på ein skule der verken læraren eller elevane skjønnar ho eller ho skjønnar dei. Men ut døra kom seksåringen med eit digert smil om munnen, hoppande sammen med to jenter ho hadde blitt venner med. Puh! Første barrière overstått.



Når eg no har permisjon frå jobben, og har muligheten for det, var planen å ha minstejenta heime ein periode. Men to dagar etter me flytta inn i huset vårt, fann treåringen ein leikekamerat på leikeplassen. Den jevnaldrande jenta, frå Bergen, og Anine fann tonen med ein gong.
Me fekk høyre om Anines leikekamerat seint og tidlig, og då ho fekk komme på besøk i venninnas barnehage, var det ingen tvil. Anine ville begynne i barnehagen ho òg.

Takket være hennar nye venninne, og supre ansatte, gjekk oppstarten i barnehagen fint. Nokon tårer i starten, men ho er eit stort smil når eg hentar ho. Og engelske ord er allerede begynt å poppe fram.

9 kommentarer:

  1. Superblogger! Imponert, og veldig interessant å lese om erfaringene deres :) Gleder meg til mer! Gunn Beate

    SvarSlett
  2. Vel.... takket være ein super hjelpar ;-) Takk :-)
    Og ingen veit kor vegen går vidare, sjølv ikkje eg :-)

    SvarSlett
  3. Kjempebra side! Blir artig å følge dere her:) Er bare SÅ glad for at overgangen til skole og bhg har gått så bra.klem til dere fra oss. Gro & gutta

    SvarSlett
  4. Takk for det, Gro :) Overgangen har gått mykje bedre enn forventa. Men det er sjølvsagt mykje spenning og ulike følelsar som herjar rundt, både for store og små ;)

    SvarSlett
  5. Gratulerer med super blogg! Gleder meg til å følge med videre :)

    SvarSlett
  6. Hei. Detta bli kjekt å følgja me på:-) Og so bra da gjekk me Vilde. Kjende eg kvidde meg på dikkans vegne
    Klem frå oss i aurland

    SvarSlett
  7. Takk for det, Inger :) Du må oppdatere meg når det store skjer på din front også!

    SvarSlett
  8. Kjekt at de vil følgja med oss, Therese :)

    SvarSlett