Eg hadde høyrt rykte om at ein tur i matbutkken kunne ta fleire timar, men trudde det vart sterkt overdrive. Det var før eg satte mine føter innanfor lokalbutikken vår...
Inngangspartiet bugner av greskar, i alle mulige størrelsar. Til småjentenes store glede.
| Ingen tvil om at Halloween nærmar seg. |
| Vanskeleg å manøvrere. Men jentene sit i alle fall i ro. |
Skal me sjå. Øverst på lista står ost. Etter å ha komme meg forbi mange og lange reolar med vanlige grønsaker, organiske grønsaker, oppkappa grønsaker, fersk fisk, fryst fisk og frityrsteikt fisk, fann eg endelig osten. Men så kjem dilemmaet, ost er ikkje berre ost.
| Ein liten flik av ostedisken...... |
Frustrasjonen hos småjentene begynnar å nærme seg nivået av forvirring i hovudet mitt. Her er det berre å ta grep. Nytt land betyr nye matvaner og nye smakar. Med eit smil om munnen forlèt eg ostedisken og butikken med halvparten av tinga eg eigentleg skulle kjøpe. Og blir heimlengselen for stor, stikk eg berre på lokalbutikken min igjen og kjøper med meg denne:
Ha ei fine helg <3
Den handlevognen skulle vi hatt på Kiwi!
SvarSlettDu får printe bildet og ta det med til butikksjefen, Hilde ;)
SvarSlettGod idè:)
SvarSlett