Då var tida komen for vår første ferie her borte.
På årets største utfartshelg stakk amerikanarane heim til familien for å feira Thanksgiving.
Mens me som har utvandra, feira med vår utvida familie.
Turen gjekk til Rockport, snaue tre timar køyring - midt mellom Houston og Mexicogrensa, der me leigde eit strandhus med venner.
Vennene hadde både baby og hund.
Og når småjentene i tillegg fekk boltra seg på milelange sandstrender, kunne ikkje livet bli bedre.
Ikkje lagt frå Rockport ligg også Padre Island.
World`s longest barrier island, on the tropical tip of Texas.
Der småjentene sprang i sanddynene.....
.... og sjåførane fekk herja, sladda og leika seg på dei råfine strendene.
Me var også innom havnebyen Corpus Christi med skyskraparar, museum og sjølvsagt strender.
Sjølve thanksgiving-middagen inntok me på ein skikkeleg Texas-restaurant.
Der borda, skinnstolane og veggene var spraylakkert med palmemotiv i gul-oransje solnedgang, mens julelysa dingla rundt oss i taket. Men både kalkunen, alt tilbehøret og margaritaen falt i smak, så me hadde ein minnerik Thanksgiving-debut.
På vegen heim stoppa me kjapt i Lake Texana Parken, med sin spesielle natur.
Her kryr det visst av vaskebjørnar, hjortar med kvite halar, gauper, harar og krokodillar, men dei satsar me på å kikke nærmare på ein anna gong.
