tirsdag 8. januar 2013

San Antonio

Etter me flytta til Texas har me høyrt mykje fint om San Antonio,
som ligg 320 km øst for Houston.

Med sine 1,3 millionar innbyggarar er byen USAs 8. største og den nest største i Texas. Då eg kom til å nemna dette i eit juleselskap, med norske venner, fekk eg mange mot meg.

 Lille San Antonio USAs 8. største? No way! Fekk eg høyra.
Heldigvis var det ein oppegåande ungdom tilstades, som ikkje berre sa seg enig med meg,
men også kjapt fiska opp telefonen og kom med klare fakta på bordet som bekrefta mine ord.


Då me ankom San Antonio, skjønte eg kva dei andre meinte.
Denne vetle, intime byen, som gir assosiasjonar til Venezia, virka absolutt ikkje som ein av dei største byane i USA.


Den koselege elva, som minnar om ein kanal, renn midt gjennom byen.
Langs elvekanten ligg koselege restaurantar tett, mens inni mellom skyt også tøffe skyskraparar til værs.


Restaurantane hadde mykje godt på menyane.
Eller som eine guiden uttrykte det: Her kan du få meksikansk, italiensk, meksikansk eller italiensk.....


Vilde og Anine syns det var aller mest stas å vera ute i San Antonio etter mørkets frembrudd.
Då elvetraseen vart forvandla til ein lysande jungel, i alle fall i treåringen sine auger.
Og då ein kvit hest kom travande med Cinderella si vogn på slep, måtte me jo ta ein tur sjølv om det var isande kaldt.


For ei jenta som er oppvoksen med ein far som ofte nynna og song om den amerikanske folkehelten Davy Crockett, vart det litt spesielt å rusla i Alamo der slaget mellom Mexico og opprørske texanske styrkar fann stad i 1836, der også Crockett døde.

Ingen er vel slik som han.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar