På denne tida av året er det vanlegvis på tide å tulla seg inn i ullstrømper, vottar og huer.
Mørket og kulden ute fristar til å fyra i peisen, tenna lys og kosa seg inne.
Snøen på fjelltoppane gjer det lett å leika med tanken om julepakkar, pinnakjøt og adventskalender.
Snøen på fjelltoppane gjer det lett å leika med tanken om julepakkar, pinnakjøt og adventskalender.
Men med ein gjennomsnittleg dagtemperatur på 22 grader, sol som varmar og ungar i shorts, er det lett å tru at det er veldig lenge til jul.
Sjølv om ikkje temperaturen gir meg hint om at me nærmar oss den store pakkehøgtida, jobbar i alle fall dei som tenar pengar på jula intenst med å få meg på tanken.
Sidan Halloween har julemusikken ljoma over alt.
I alle slags butikkar, det være seg forretningar som sel jernvare, matvare eller hageting, bugnar det av juledekorasjonar og overpynta juletrær i alle mulige fargar og fasongar.
Sidan Halloween har julemusikken ljoma over alt.
I alle slags butikkar, det være seg forretningar som sel jernvare, matvare eller hageting, bugnar det av juledekorasjonar og overpynta juletrær i alle mulige fargar og fasongar.
Enorme nissar ønskjer oss velkommen og byr på juletre i kva farge som enn måtte frista.
Her fins hyllemeter på hyllemeter med julefargen eller temaet som akkurat du kan tenke deg.
Nokon går så opp i julepyntinga at dei opnar opp heimane sine, sjølvsagt mot betaling, for at skuelystne kan få sjå.
Eigarane av slike hus har dekorert kvart rom med eit eige tre som har kvar sitt tema.
Sjølv om det er ein del glorete og overpynta å sjå,
er det heldigvis mykje fint inni mellom også.
Det er bra når me no plutseleg har ei klassisk, diger, amerikansk peishylle me skal dekorere til denne søte juletid.
På tross av alle påminnelsene rundt om kring, gjekk det først i dag opp for meg at det straks er advent. Men når dei forventningsfulle småjentene vaknar neste laurdag, heng nok julekalenderen deira klar.
I mellomtida skal me testa ut den største høgtida av dei alle her i USA - Thanksgivng.
Kos dikka med juleforberedelsene der heime.
Kos dikka med juleforberedelsene der heime.
Eg e no gla i juli, men datta bli no litt volsomt:-) Her heime e da bjønt å siga inn att da nerma seg advent. Syns denna tiden e kosele. Bli da full amerikansk jul, elle køyre de norsk versjon "over there"?
SvarSlettThanksgiving middag e knall godt so da e jo berre å gleda seg te:-)Da fekk eg og Mekken servert når han jobba på kroi.
Mamma og pappa kjem til jul, med pinnakjøt! ;-)
SlettSo her blir da skikkeleg norsk julefeiring :-)
Så får me heller stikka innom ein åpen heim og ta ein kikk på korleis dei mest ekstreme amerikanarane gjere det.
Blir spennande med Thanksgiving, ja! Me har leigd eit strandhus i Corpus Christi der me skal feira med nokon venner.
Kos dikka med adventstida, og helsa Mekken + jentene :-)