torsdag 15. november 2012

Tospråkleg

 Språk er spennande!
 
Men når du er tre og seks år er det ei stor omvelting å hoppa inn i ein klasse og barnehage, der alle snakkar annleis enn deg sjølv.
 
Vilde har vore heldig og fått ein kjempeflink lærar som spelar på lag med ungane for å lære tilflyttarane engelsk. Dermed har det gått sport i å forklare Vilde betydningen av ulike ord.
  
Vilde i aksjon i klasserommet sitt.
 Kvar dag har me spurt Vilde kva nye ord ho har lært på skulen.
Men det er kjedeleg med nysgjerrig graving frå mamma, så svara har vore få og korte.
 
 
Forundinga var derfor stor då ho hadde ei venninne med heim frå skulen. 
Då ho trudde me ikkje høyrde, gjekk praten fint mellom dei to.
Og sto Vilde fast, peika Lina og forklarde på ein anna måte.
 
 
Med Anine går det sjølvsat litt seinare.
Men allereie no er "Good morning, Miss Lisa" ein sjølvfølgje når ho kjem i barnehagen.
Og nye småord dukkar opp kvar dag.
 
Anine og resten av barnehagegruppa føl spent med når læraren les for dei.
 
 Me er også borti litt språkleg forvirring...
Ved middagsbordet peikar Anine på ei skål og seier: sørkål.
- Nei, det er ikkje surkål, svarar eg.
- Sirkaal !! Seier treåringen bestemt.
- Åhhh, circle, ja! ;-)
 
 
Her kan de sjølv sjå kor kjapt dei små lærer:
 

3 kommentarer:

  1. "Kan vi se på når Anine synger engelsk?"
    Denne ser vi på ofte her i Paletten Kanvas-barnehage!
    Hils til jentene og far i huset.
    Her er det masse snø og vi går på ski og bruker akebakken.

    En hilsen fra oss i Paletten Kanvas-barnehage

    SvarSlett
  2. Så kjekt at ungane spør om å få sjå Anines vetle opptreden :-)
    Her er no det engelske ordforrådet blitt betrakteleg utvida, både hos Anine og Vilde. "Please, mom" "No, sir" og "Bless you" er fraser som kjem heilt naturleg.
    Kos dere masse på ski og i akebakken :-) Her er det shorts eine dagen og boblejakke neste, med andre ord heilt Texas ;-)
    Hels både små og store i barnehagen frå oss fire.

    SvarSlett