Då var det endeleg Spring Break og ei vekas skuleferie.
To timars flytur frå Houston lokka kritkvite strender og asurblått hav.
Me sette kursen mot Mexico. Nærmare bestemt kystbyen og turistmålet Cancún.
Cancún er hovudstad på mayarivieraen og ligg på den sida av Yucatán-halvøya, som vender mot Det karibiske hav.
Her fekk småjentene sin dose av det beste dei veit: strand, bølgjer og bading.
I ein klassisk turistby, måtte klassiske aktivitetar testast, som blant anna hårfletting.
Praktisk sommarsveis med mykje bading på programmet.
På Hyatt Regency var det lett å senka skuldrene.
Stilig lobbyområde med 14 etasjars takhøgd i midten, råfin strand rett utanfor døra med stråparasollar og daybed. I og med at me ikkje testa byens uteliv, var det supert å sitta på balkongen etter småjentene var i seng, nyta eit vinglas og sjå og høyra på palmesus og bølgjene som slo inn på stranda nett der nede. Er dei rammene eg har akkurat no, når eg sit og skriv dette.
Ein av hotellets barar spelte musikk seint og tidlig.
Då røska det i dansefoten til Anine og Vilde, som rocka og slo hjul og underheldt andre hotellgjester.
Det var meir vindfullt en me hadde rekna med her i mars.
Når sanden piska oss for mykje på stranda, var bassenget eit godt alternativ.
Øya Isla Mujeres ligg ein halvtimes båttur frå Cancún og er kjent for å ha blant dei finaste strendene i verden. Det måtte testast. Her var me litt uheldige med veret, men me fekk nyta den vetle, sjarmerande øya sjølv med enkelte regnbyger.
Til alle tre jentenes store glede, fekk me både symja og ta på tamme delfiner.
Då var det plutselig ikkje så farleg om det regna litt.

Me kunne ikkje berre tilbringa late dagar på stranda.
Ein køyretur unna Cancun ligg Tulum. Her fekk me ta ein liten reise tilbake til 1200-tallet og det som er blant dei best bevarte mayabyane.
Småjentene gjorde store auger av mayaindianarane med all sin krigsmaling og fjærprakt.
Stor stas var det også å få holda og klappa ein liten apekatt og komma i nærkontakt med fargerike papegøyer.
Frå Tulum gjekk turen til naturparken Xel-Ha,
som er ein lagune med supre snorkleforhold og herlig natur.
Vilde er no blitt trygg på snorklinga. Følelsen av å holde ho i handa, der me flaut rundt i det lunka vatnet, omgitt av korallrev og drøssevis av fiskar i alle mulige fargar, var ubeskriveleg.
Me gliste like breit begge to, då me steig opp av vatnet.
Xel-Ha kan verkeleg anbefalast!
Ganske så kommersielt, men det tenkte me ikkje så mykje på der me låg i hengekøyene og kikka opp gjennom palmetrea på den blå himmelen over.
Då eg ikkje får vera med verken Erling eller småjentene på bursdagen min neste veka, måtte me ta ein liten feiring på ein fin restaurant i Cancùn.
Etter ei veka med strand- og badeliv, snorkling i lagunar og mykje god mat, er me klar for å setta nasen mot Texas. Og Norge for min del. Skal bli kjekt å få eit par dagar med norsk vinter også.













Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar