Mens folk der heime fann fram skia, appelsinene og kviklunsjen, pakka søstera mi og familien bikinien og sette nasen mot Texas og ein annleis påskeferie.

Dei fekk føla det ville texasvêret på kroppen. Varmen slo i mot dei då dei steig ut av flyet, dermed måtte basseng og solsenger testast. To dagar etter var det nærast boblejakkevêr om morgonen. Og seinare samme veka sto dei klistra mot vindauga for å ta ein skikkeleg tordenstorm i nærmare augnesyn.
Men besøket fekk testa meir enn vêr-variasjonane mens dei var her.
200 meter frå døra vår ligg tennisbana. Systrendingane har knapt teke i ein racket før, men fann fort ut at dei likte sporten. Dermed vart det mange rundar på det blå dekket.
Mens dei fleste i heimlandet har ei veka påskeferie, er det her fri ein dag.
Med fredagsfri og langhelg, måtte me ut på tur. For nokon som er lei ein lang vinter frista sjø og strender. Dermed gjekk turen til den sjarmerande fiskelandsbyen Rockport, der me leigde eit strandhus.
Heldigvis for småjentene fann påskeharen fram til oss her også.
Då eldste tanteungen min på 21 fekk høyre om Padre Island, der ein kan køyra på dei milelange strendene, lyste augene hans. Og gliset hans var skikkeleg breitt då han fekk leika seg og sladda i sanden.
Mens småjentene gleda seg stort av å springa rundt med dragar i vinden.
I Corpus Christi fekk me med oss litt militærhistorie på hangarskipet USS Lexington.
Det digre naturreservatet Brazos Bend State Park, med sine 350 frittgåande alligatorar, er obligatrisk når ein er på besøk hjå oss. Og denne dagen fekk me verkeleg studera dei breikjefta vesena.
Me fekk sjå både feite, dorske ruggar og små, raske med glinsande tenner.
Den eine hadde me på ein meters avstand, då var det fleire av oss som rygga...
Me kosa oss skikkeleg med besøk, mykje god mat og sosiale kveldar.
Mens Thomas vil savna Tahoen og V8`aren min, vil nok Heidi savne dei gode shoppingmuligheitene.
Og småjentene savnar allereie lange klemmar og spør om når dei kan komma tilbake.
Takk for ein koseleg påske!









Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar